Forvitring og erosjon

Fjell varer ikkje evig. Ytre krefter vil alltid sørge for at landskapet forandrar seg heile tida. På ulike måtar smuldrar fjellet opp og lausmatrialet hamner som oftast i havet. I strandadalen finn vi fleire typar forvitringar, slik som mekanisk og kjemisk forvitring. Vi deler desse to inn i fleire grupper.

Mekanisk forvitring. 
Mekanisk forvitring består av frostforvitring, solsprenging og trykkavlasting. Frostforvitring er der tempraturen svinger under frysepunktet. Vatn som renn finn vegen ned i sprekkar og blir liggande der. Når frosten kjem og vatnet frys til is, aukar volumet med nesten 10%. Dette gjer at berget utvidar seg og dette gjer at bergdelar løsnar. Solsprenging er at det skjer kraftige temperatursvingingar på eit fjell. Det at det kan vere under frysepunktet inne i berget om natta, men 30 pluss grader om dagen gjer at dei ytste fjelldelane begynner å sprenge av. Trykkavlasting: bergartar som granitt blir ofte danna fleire kilometer under bakken. Derfor skjer det ei stor trykkavlasting når granitten endelig kjem fram i dagen, etter millionar av år med erosjon. Dette gjer at granitten kan utvide seg og sprekke opp. 

Kjemisk forvitring finn vi ikkje så mykje av i Strandadalen. 

Erosjon.
Forskjellen mellom forvitring og erosjon er at ved forvitring blir stein eller fast fjell smuldra opp medan erosjon er når ytre krefte slit steinen i stykker og fraktar partiklane til ein anna stad. Når ei elv renn eroderar han både elvebotnen og dei steinane som rullar med straumen. Stein, grus og sand som elvestrømmen dreg med seg slit på berggrunnen i botnen av elva.

-Torje



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar